Polaris Media
Full screen

Description

Läs mer om Dølasamkøyringa her

I Midt- og Nord-Gudbrandsdalen bur omlag ein fjerdedel av folket i Oppland. Dette er to spennande regionar med variert næringsliv, mange nasjonalparkar, kjende reiselivsdestinasjonar og rikt kulturliv. Ingen andre speglar det som hender og har ein slik posisjon som dei fire lokalavisene ein finn her.

Eit samla papiropplag på 12080 (2016-tal) og omlag 36.000 (2016-tal) trufaste lesarar er din garanti for at du når fram til kundane dine. Lokalavisene har også nettutgåver og ei pakkeløysing med annonser på print og digitialt er noko du bør merke deg som eit effektivt og ikkje minst truverdig val av mediekanal.

Dølasamkøyringa - din naturlege og rette annonsekanal!

Dølen dekkjer kommunane Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron og har eit opplag på 3.735 eks (2016). Avisa kjem ut kvar torsdag på print. Nettavis: www.dolen.no

Fjuken dekkjer kommunane Vågå, Lom og Skjåk og har eit opplag på 3.571 eks (2016). Avisa kjem ut kvar torsdag på print. Nettavis: www.fjuken.no 

Norddalen dekkjer kommunane Sel og Vågå og har eit opplag på 2.654 eks (2016). Avisa kjem ut kvar torsdag på print. Nettavis: www.norddalen.no 

 Vigga dekkjer kommunane Lesja og Dovre og har eit opplag på 2.120 eks (2016). Avisa kjem ut kvar torsdag på print. Nettavis: www.vigga.no